Gjennom mine to år som faglærar på ein barne- og ungdomsskule, har eg fått vere i sju forskjellige klassar, frå 3. til 10. trinn. Eg har i løpet av denne relativt korte men innhaldsrike fartstida vore innom alle skulens fire avdelingar, og blitt kjent med desse sju klassane sine kontaktlærarar, rutinar, reglar og sjølvsagt først og fremst elevar. Alt dette har til tider vore litt mykje for ei lærarspire med utdanning frå Universitetet. Det hjelper å vere sterk i faget sitt. Men ein lærar må kunne mykje meir enn det. Før ho kan gi elevane noko av kunnskapen ho ber på, må læraren først og fremst greie å etablere gode relasjonar til elevane sine, samtidig som ho er ein tydeleg leiar (Bergkastet, Dahl & Hansen, 2009, s. 23).
Korleis kan ein ha ein god relasjon til alle 80 elevar? Kan ein vere ein tydeleg leiar for så mange elevar, som har kvar sin klassekultur, kvar sine reglar og rutinar? Kva gjer lærarspira når relasjonen ikkje fungerer slik ho hadde tenkt, og elevane byrjar å leve sitt eige liv i timane hennar, i staden for å gjere slik ho hadde planlagt det?
ELEVEN RUNE
Eg vil ta utgangspunkt i ein situasjon frå ei lita gruppe på sju franskelevar i åttande klasse, der ein av elevane stel mykje merksemd frå undervisinga.
Eleven Rune, 13 år, byrja med fransk i haust. Han har godt språkøyre, og forstår alt eg seier når eg snakkar fransk i timen. Han valde fransk sjølv, og ville gjerne lære det. Etterkvart har han funne ut at det er mykje arbeid med språkfag, og det er han ikkje innstilt på. Han gjer ingen lekser, les ikkje på prøvar, men greier å stå fordi han i utagangspunktet er flink. No, midt i 8. klasse er det tilnærma krise i franskgruppa. Rune gjer alt han kan for å sabotere undervisinga.
Han brukar mykje energi i timane på å lage lydar som forstyrrar, og når han svarer på eit spørsmål, legg han vekt på å svare noko som kan provosere. Til dømes, når han blir spurt kva han har lyst til å bli, svarar han at han skal bli massemordar. For språkundervisinga er dette svaret like bra som noko anna, ein kan like godt seie massemordar som lege. Det viktigaste er at ein snakkar fransk. Men lydane og det at Rune ikkje greier å sitje i ro og la dei andre få svare på sine spørsmål (då bryt han gjerne inn med like seriøse forslag) er svært utmattande og tar energi og merksemd bort frå det vi eigentleg skal i timen.
Rune har og greidd å få med seg ein anna elev på strekene sine. Denne eleven, Siri, er dotter av ein av lærarane. Siri får alltid gode karakterar på prøvar, men ho vil ofte ikkje vere med på læringsaktivitetar i timane. Rune og Siri morar seg stort når dei får læraren til å bli frustrert. Det er ein uhaldbar situasjon både for dei andre elevane, for læraren og sjølvsagt for Siri og Rune sjølv.
EIN POSITIV RELASJON
Som eg var inne på i innleiinga, er gode relasjonar til elevane eit viktig moment i klasseleiing. Å få til ein god relasjon med Rune kan synest vanskeleg, om i det heile tatt er mogleg når det har låst seg fast slik som i dette tilfellet. Rune bryr seg ikkje om merknader og truslar om nedsett karakter i adferd og orden. Likevel må eg gi han merknader, slik systemet er på skulen. Eg snakkar ofte med kontaktlærarane hans, utan at det later til å ha nokon effekt.
Til slutt ringte eg mor hans. Utgangspunktet mitt for samtalen var kva eg kunne gjere for å få tak i den fliken av Rune som likar å snakke fransk. Korleis skal eg få til noko i timane som kan gi han ei positiv oppleving? Mora fortalde at Rune gjerne song tyske songar heime saman med ei eldre syster. Mora sa ho ikkje forsto nokon ting av songane, men at dei tydelegvis koste seg når dei song dei. Kanskje dette kunne vere noko eg kunne ta tak i i timane? Eg ønskjer å formidle til eleven at eg vil han vel, og at det er mange måtar å lære fransk på. Vi kan gjere mykje rart i tysktimane, om eg berre får elevane med meg.
NÅR ELEVEN VEL FEIL
Problema eg har i franskklassen har eit namn. Dei kallast lærings- og undervisingshemmande åtferd (Sørlie & Nordal, 1998 i Bergkastet et. al., 2009 s. 149) Bergkastet er opptatt av ein må korrigere åtferden samstundes som ein signaliserer at ein gjerne vil hjelpe eleven til å kome på rett spor.
Svein Størksen# snakkar om at ein må skape ein verdig kvardag for eleven. Ein skal vise respekt, at ein vil ivareta eleven, samstundes som ein stoppar uønskt åtferd. Ein må vise at ein vil ta vare på eleven samstundes som ein set grenser.
Men korleis skal ein gjere det? Korleis kan eg stoppe den uønskte åtferden til Rune og Siri utan at dei føler at eg ikkje likar dei? Korleis skal eg få dei til å skjønne kvifor dei har tysk, og at det er meir morosamt å gå inn for faget med liv og lyst istaden for å stikke kjeppar i hjula for undervisinga?
Bergkastet (et. al, 2009 s. 152) er opptekne av at det som regel ikkje er nyttig å korrigere uønskt åtferd i klasserommet. Den uønskte åtferda kan smitte, dei andre elevane blir forstyrra i læringsarbeidet og dei får veldig godt med seg kva som skjer.
Bergkastet (et. al, 2009 s. 151) set opp fire kategoriar problemåtferd:
1) Åtferd som vil forsvinne av seg sjølv om ein ignorerer den, og heller rettar fokuset mot elevane som gjer gode val.
2) Åtferd som vil bli meir problematisk om ein reagerer på den i klasserommet.
3) Åtferd som umuleggjer vidare læringsarbeid i gruppa.
4) Åtferd som er alvorleg krenkande eller farleg.
Dei to første meiner Bergkastet ein skal gi minst muleg merksemd i klasserommet. Dei to siste kategoriane bør ein jobbe for å førebygge og ein må og ha planar for korleis ein kan støtte kvarandre og korleis ein lærar kan få hjelp frå administrasjonen i slike situasjonar. Eg trur situasjonen eg har kome oppi, er i kategori tre eller fire. Altså er eg nøydd til å søke hjelp.
GODT ELLER DÅRLEG VAL?
Vi kallar det eit dårleg val når eleven gjer noko som ikkje er bra for læringssituasjonen.
Men for eleven kan det vi kallar dårleg, vere eit godt val. Kva er motivasjonen for handlinga? Når Rune lagar lydar i klasserommet, eller brukar unødig mykje tid og fakter på å drikke vatn i vasken, får han blikk frå Siri. Blikka er anerkjennande, og betyr mykje meir for Rune enn mine strenge blikk som seier at dette ikkje var bra.
Bergkastet (et. al, 2009 s. 156) har laga ei reaksjonstrapp, der dei viser kva strategiar som bør prøvast, i prioritert rekkefølgje, for å stanse problemåtferd:
1) Ignorering (ikkje gi merksemd til åtferda)
2) Engasjer medelevar (gi positiv merksemd til dei som gjer gode val)
3) Redirigering (seie på ein positiv måte kva ein vil at eleven skal gjere, gjere det kort og privat før ein fjernar seg igjen og gir eleven rom til å velje)
4) Åtvarsel (seie kva som vil skje dersom eleven ikkje gjer som læraren seier)
5) Konsekvens (ein mild, negativ konsekvens)
Konsekvensen på min skule er som oftast telefon heim, eller ein merknad. Eit problem med merknadssystemet er at dei elevane som har mest problemåtferd får så mange merknader at dei ikkje har noko å miste på å få ein til. Somme elevar går til og med og skryt av kor mange merknader dei har. Sidan Rune si åtferd er i ferd med å ta heilt overhand i franskklassen, må eg støtte meg til andre vaksne rundt eleven for at vi saman skal kunne hjelpe han. Kanskje kan eg greie dette i samarbeid med kontaktlærar, foreldre og administrasjon. Eg håpar framfor alt at eleven Rune blir redda inn på rett spor, og at han kan finne gleda ved å bruke evnene sine på ein meir konstruktiv måte.
KJELDER
Bergkastet, I., Dahl, L., & Hansen, K. A. (2009). Elevenes læringsmiljø - Lærerens muligheter. Oslo: Universitetsforlaget.
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettInnlegget ditt syner at du kan analysere og vurdere klasseromssituasjonar utifrå pedagogisk teori. Det er jo veldig proft! Innlegget ditt syner også at du har empati og ynskjer å ta tak i uønska ådferd med alle dei middel du rår over. Du går heilt inn til beinet når du skildrar relasjonen din til Rune, og har gode eksempel, samt god argumentasjon og klårgjering for lesaren. Lesaren blir difor trygg på at dette er ein situasjon du handterer bra og kjem til å lykkest med.
SvarSlettNår det gjeld anonymisering skjøner eg jo at Rune og Siri er fiktive personar, men du kunne kan hende ha sagt det tydeleg i ein parentes i innleiinga.
Når det gjeld sjølve "casen" så må eg seie at Siri og Rune får vel mykje merksemd, og at situasjonen verkar litt fastlåst. Kunne det vere ein tanke å gjere noko heilt anna med klassen ein dag? Få alle ut av sine vande roller, slik at både Rune, Siri og du plutseleg er i ein situasjon der de blir overraska over dei nye moglegheitene frirommet skapar? Til dømes kan de lage fransk mat på skolekjøkkenet. Lage fransk disco (mykje god elektronika, ratatat til dømes) i gymsalen. Høyre Jaques Brel og Edith Piaf. Sjå fransk bølgefilmen, Blow up. Gå på tur og lære fuglenamna på fransk. Gestikulere på fransk. Det gjorde me i italiensktimane og det hadde god effekt. Høyre Gojira, utruleg bra fransk metal. Det verkar jo ikkje som Siri og Rune har diagnostiske ting hengande ved seg eller problem i heimen. Dei vil ganske sikkert også ut av den dumme situasjonen.
Veldig engasjerende skrevet, og du får tydelig fram de ulike problemstillingene. Du knytter teori og praksis sammen på en overbevisende måte; som leser opplever jeg at den abstrakte teorien nærmest blir til kjøtt og blod.
SvarSlettKunne det være mulig å “utnytte” Runes relasjon til Siri på noen måte? Man skal passe seg for å leke Machiavelli i klasserommet, men ettersom dette er en situasjon som er til skade for alle kunne det kanskje være mulig å prøve å få Siri “over på lærerens side, som en alliert”. Om alt annet feiler kan man som lærer kanskje hente noen idéer fra “Krigens kunst” av Shin Tzu...
Du skriver at det å snakke med kontaktlærerne til Rune ikke ser ut til å ha noen effekt – hvordan er det generelle “klimaet” for tydelighet på skolen? Er det en tydelig skoleledelse som i det daglige støtter lærernes arbeid i klasserommet, eller er det en mer usynlig ledelse som i stor grad overlater den enkelte lærer til seg selv? Jeg savner noe mer refleksjon om selve skolestrukturens betydning for situasjonen, men det ligger kanskje utenfor det som er mulig å ta opp i et relativt kort blogginnlegg.
I grunnen var det frigjørende å lese noe annet enn en solskinnshistorie om den vellykkede lærer. Det er vel heller ikke uten grunn at du lar det være en åpen slutt på denne historien. Problemadferd er gjerne noe som ikke kan løses en gang for alle, men noe som må håndteres gjennom en løpende prosess.
Eg er og litt nøgd med at eg har fått til å skrive frå det verkelege livet som lærar. Rune og Siri er henta frå eigne erfaringar i jobben, men namn og andre opplysingar er sjølvsagt endra, berre så det er sagt.
SvarSlettNår det gjeld diagnostikk, har ingen av desse elevane ein diagnose. Rune har ei historie med uro i alle timar over fleire år. Det er nok problem i heimen som spelar inn her, og andre instansar er kobla inn. Åtferda han viser i mine timer er altså ein del av eit større problem, og ikkje noko eg som faglærar kan løyse sjølv.
Når det gjeld Siri, er det nok ein konflikt der ho ønskjer å vise at ho ikkje berre er eit lydig og skuleflinkt lærarbarn, men også ein sjølvstendig person som og har rett til å protestere og lage krøll. Siri greier på ein nokså god måte (for henne sjølv) å kombinere desse to rollene. Ho får toppkarakterer på alle prøvar, og gjer alt ho skal - utanom i timane. Ein kunne jo håpe på at det kunne vore mogleg å bruke relasjonen mellom dei to elevane til å få Rune i gang med å jobbe med faget, at Siris sterke og skuleflinke side kunne ha smitta litt over på Rune. Men førebels ser inspirasjonen mest til å gå andre vegen.
Kva gjer skulen som system med denne typen forstyrringar i undervisinga? Som nemnd er det eit merknadsystem, som ikkje har så mykje effekt for dei som får mange merknader. Når ein har fått nedsett karakter i orden og åtferd, er det ikkje så mykje meir som kan skje, og elevane kan bruke denne tilstanden av "allereie nedsett" til å vise for andre elevar at dei tør å bryte reglane endå meir.
Det er tilsett ein sosiallærar på skulen, men denne er no i permisjon. Altså er noko av systemet som kunne ha hjulpe Rune, vekke. Ein har høve til å bestemme at elevar må sitje på eit anna rom og jobbe, men viss ein ikkje har nokon som kan passe på dei der, er det ikkje alltid så fruktbart.
Takk for lesetips, 133154. Eg siterer Sun Zi: "Det er viktig å forberede seg, kjenne sin fiendes og sin egen svakhet og vite når det er tid for å slå til" (henta frå Wikipedia). Eg vil jo ikkje at det skal vere nokon krig inne i klasserommet, det er langt frå mitt pedagogiske grunnsyn. Men list og lempe og lure triks er heilt sikkert noko eg bør utvikle meir av, og som uansett er
Det er heilt sikkert på sin plass å "gjere noko anna" ein time. Eg har prøvd det, og. Men eg skal prøve meir. Bruk av musikk har vore ein nøkkel til suksess før, og kan gjerne prøvast igjen. Men først og fremst trur eg det må fleire samtalar og avtalar til på fleire nivå, slik at Rune forstår at dette ikkje går. Eg håpar og at vi kan få han til å skjønne at vi prøver å løyse problemet i lag og til beste for både han, dei andre elevane og skulen.
(Eg får ikkje til å redigere kommentaren.
SvarSlettMen list og lempe og lure triks er heilt sikkert noko eg bør utvikle meir av, og som uansett er noko ein får bruk for vidare i skulekvardagen, skulle det stå i det nest siste avsnittet.
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettBeklager sent svar på bloggen, jeg har prøvd å komme inn på den i lang tid, men har ikke fått opp siden!
SvarSlettHei!
SvarSlettDette var et interessant, ekte og ærlig innlegg å lese. Det viser tydelig ditt ønske om å oppnå gode relasjoner til alle elevene dine. Det virker som om du går grundig til verks for å få kontroll på ulik problematferd. Det er flott at du tar kontakt med foreldrene for å finne mulige måter å håndtere hendelsene på og for å få ideer til hvordan å motivere og hjelpe eleven det gjelder. Dette viser at du engasjerer deg i hver enkelt elev, at du bryr deg og at du er villig til å bruke tid på å finne mulige løsninger.
Du er god til å knytte sammen teori og praksis, og viser til konkrete situasjoner og gode eksempler fra skolehverdagen. På den måten får du oss som lesere til lettere å se for seg de ulike situasjonene. Jeg liker at du er så ærlig og åpen om egne erfaringer. Ved å lese om dine utfordringer og gode analyser av ulike problemstillinger og hendelser fører det til at jeg reflekterer mer over min egen lærerjobb og ulike situasjoner jeg selv har vært i og kanskje kommer til å møte senere.
Jeg ønsker gjerne å høre mer om dine eventuelle erfaringer rundt Bergkastet sine strategier (reaksjonstrappa). Bruker du disse aktivt i klasserommet? Har du prøvd dem ut på andre elever? Ville også gjerne hørt mer om hvordan resten av klassen reagerer på Runes oppførsel? Er det flere enn Siri som henger seg på, eller synes elevene at det er vanskelig å håndtere hendelsene som oppstår?
Kommentar til Hav: Tusen takk for kommentar, eg stressa litt med å få tak i deg, og fekk til og med 133154 til å skrive ein ekstra kommentar, men det var eigentleg berre fordi eg trudde fristen var ei uke før den faktisk var:-)
SvarSlettEg har ikkje vore bevisst på reaksjonstrappa til Bergkastet før eg byrja å skrive denne oppgåva. I praksis er det vel denne framgongsmåten som gjeld på skulen. Lesinga av Bergkastet si bok har gjort at eg er meir bevisst på kva reaksjonar eg rår over, og i kva rekkefølgje det er lurt å bruke dei. Ein kan jo fort reagere meir enn naudsynt på oppførsel det hadde vore betre å oversett, til dømes. Også det med å ta reaksjonane utanfor klasserommet, er noko eg nok må bli endå meir bevisst på.
Dei andre elevane synest nok tidvis at det er kjekt med ein avsporing i timen. Men dei er og opptekne av å gjere det bra i fransken, og det har hendt at dei sit og jobbar utruleg konsentrert mens eg styrer med uromomenta. Eg prøver å bruke naboros, og fokusere på dei som gjer det dei skal. Eg skulle gjerne ha brukt timane til å i større grad hjelpe dei som skjønar kvifor dei er der.
Då problema i alle fall i Runes tilfelle er samansette, håpar eg for han at kan få hjelp til å få det betre både i fransktimane og ellers. Eg prøver å gjere så godt eg kan for å vise at eg bryr meg, men som sagt er nok konklusjonen at viss ikkje det er nok, må eg få hjelp til å løyse dette.